Skjemaet skal nyttast for tiltak i eksisterande bygg. For nybygg skal tiltaket vera del av byggesøknaden.
For nyinstallasjon av eldstad skal fylgjande skjema nyttast (Send kopi av utfylt skjema til heradet.):
SJEKKLISTE OG KONTROLLERKLÆRING FOR INSTALLASJON AV ELDSTAD
Oppføring, endring eller reparasjon av bygningstekniske installasjonar må ikkje utførast før søknaden er handsama og løyve er gjeve i medhald til §20-1 i PBL og installasjonen ikkje takast i bruk før ferdigattest eller driftsløyve er gjeve.
Ny installasjon av eldstad i eksisterande bustad er ikkje søknadspliktig, men arbeidet bør verta kontrollert av kvalifisert kontrollør. Men i slike høve kan eit skjema, som ein kan få hjå heradet eller hjå forhandlar, nyttast som dokumentasjon på at arbeidet er i samsvar med krav i teknisk forskrift. Det er heller ikkje søknadsplikt eller krav om kvalifisert kontroll ved vedlikehald, reparasjon eller re-installasjon av eldstad.
Skjema for vedlegg.
Erklæring om ansvarsrett -Blankett 5181
Søknad om personleg ansvarsrett - Blankett 5184