Informasjon
Søknad om helse-og omsorgstenester etter Pasient-og brukarrettigheitslova kap 2. « Rett til nødvendig hjelp frå kommunen si helse-og omsorgsteneste» jf. Helse-og omsorgstenestelova kap 3. « Kommunen sitt ansvar for helse-og omsorgstenester.» Søknaden vert handsama konfidensielt i tråd med:
- Offentleglova § 13: Opplysningar som er underlagt teieplikt i lov eller i medhald av lov, er unnateken frå innsyn
- Forvaltningslova § 13: Ein kvar som utfører tenesta eller arbeid for eit forvaltningsorgan, pliktar å hindra at andre får adgang eller kjennskap til det han får vita i høve til tenesta eller arbeidet.
Kvam herad nyttar elektronisk system for pasientjournal, for sakshandsaming og journalføring. Når du søkjer om tenester, blir du registrert i dette systemet. I tråd med Helseregisterlova og IPLOS forskrifta, vert det registrert IPLOS (individbasert pleie og omsorgs statistikk), som er data som kommunane rapporterer anonymt til staten.
TILDELING AV HELSE OG OMSORGSTENESTER
Kvam herad har eit tenestekontor som skal sikra lik tilgang på helse-og omsorgstenester for innbyggjarane, uavhengig av alder, tenestebehov og bustad.
Søknader og spørsmål knytt til helse-og omsorgstenester i kommunen skal rettast til tenestekontoret.
Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering
Kvam herad har ei koordinerande eining med ansvar for å sørgje for at brukarar med omfattande tenestebehov får samordna tenester for å sikre eit heilskapeleg tilbod.
Kreftkoordinator
Kvam herad har ein eigen kreftkoordinator som skal yte bistand til personar med kreft. Dette er ei lett tilgjengelig teneste som ikkje krev søknad.
Demensteam
Kvam herad har eit demensteam som kan yte bistand til brukarar med demens og deira pårørande. Søkjar må ta kontakt med fastlege for henvisning til demensteam.
Ved tildeling av tenester vert det lagt vekt på brukardeltaking med fokus på:
- Hjelp til sjølvhjelp
- Kva du kan klare sjølv
- Kva eventuelt andre i husstanden kan greie
- Kva du og våre tilsette kan gjera saman
- Kva våre tilsette kan hjelpa deg med
Målet er å bidra til ein så uavhengig og sjølvhjulpen kvardag som mogeleg.
Du kan søkje om:
- Tryggleiksalarm
- Støttekontakt
- Matombringing
- Praktisk bistand (heimehjelp)
- Helsehjelp i heimen
- Hjelpemidlar
- Omsorgsstønad
- Avlastning
- Dagaktivitetstilbod (for brukarar som har demenssjukdom)
- Demensteam etter tilvisning frå lege
- Dagtilbod for brukarar innan psykisk helse eller brukarar med funksjonshemming
- Dag- og nattopphald ved korttidsavdeling på Toloheimen
- Korttidsopphald på institusjon
- Periodevise korttidsopphald på institusjon
- Rehabiliteringsopphald på institusjon
- Langtidsopphald på institusjon
- Brukarstyrt personleg assistent
- Koordinator og Individuell plan
- Barnekoordinator
Tenestekontoret kan ikkje tildela:
- Legehjelp
- Helsesøster-og skulehelsetenester
- Behandling hos fysio-og ergoterapeut
- TT-kort
- Parkeringskort for rørslehemma
Når får du svar
Sakshandsamingstida er tre veker. Innan denne tida vil det føreliggja anten eit vedtak om kva og kor mykje hjelp du vert tildelt, eller du vil få avslag på søknaden. Dersom det er vedtak på ei teneste, skal denne starte opp så snart som mogleg. Nokre tenester kan det vera ventetid på. I nokre høve er det behov for meir utgreiing for å finna det rette tenestetilbodet.
Individuell vurdering
Alle søknadar om tenester vert vurdert individuelt av fagpersonar. Vurderinga skjer i dialog med deg anten per telefon, på tenestekontoret eller ved heimebesøk. Samarbeidet med deg som søkjar er viktig for å finna fram til rett tenestetilbod. Sakshandsamar og dei som utfører tenesta samarbeider og har teieplikt.
Vedtak
Tenestekontoret fattar vedtak som i hovudregel gjeld for ein bestemt periode. Vedtaket beskriv kva slags teneste du får og eventuelt mengd, og type hjelp som vert tildelt. Dersom det skal betalast for tenesta, vil dette stå i vedtaket.
Dersom behovet for hjelp vert endra, pliktar du, dine pårørande eller dei som utfører tenesta å melde frå til tenestekontoret, slik at nytt vedtak vert fatta.
Vederlag og eigenandel
- Matombringing, dagaktivitetstilbod, tryggleiksalarm, dagopphald, tidsavgrensa opphald i sjukeheim har eigenandel uavhengig av inntekt.
- Praktisk bistand: Eigenandelen vert rekna ut frå skatteoppgjer frå siste år.
- Langtidsplass i sjukeheim: Ein betalar 75% av grunnpensjon og 85% av anna inntekt etter frådrag av skatt m.m.
Klage
Det kan klagast på vedtak som er fatta. Du kan og klage på kvaliteten på dei tenestene som vert utført.
Korleis du skal klaga og kor klagen skal sendast, vil stå i vedtaksbrevet.
Henvendingar
Treng du bistand til å søkje eller andre råd om tenester osb., kan du ta kontakt med tenestekontoret.