De kan søkja om skyss grunna særleg farleg og vanskeleg skuleveg for barnet dykkar for heile småskuletrinnet (1.-4.), mellomtrinn(5.-7.) eller ungdomstrinnet.
Me kan i enkle/klare saker fatta vedtak for fleire år. Dersom det oppstår endringar i tidsperioden vedtaket gjeld, til dømes viss eleven flyttar eller at det skjer endringar med vegstandaren, må foreldre gje beskjed om dette til heradet.
Definisjon av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg
Særleg farleg eller vanskeleg skuleveg inneber at vegtilhøve eller tilhøve ved den enkelte eleven gjer at eleven ikkje har dei fysiske eller kognitive evnene som er nødvendige for å ferdast trygt langs vegen.
Skulevegen vert rekna som den kortaste farbare strekninga mellom heimen og skulen langs brøytt veg og gang- og sykkelsti.
Opplæringslova viser til tilstanden på skulevegen, klima, trafikktilhøve på strekninga og tilhøve knytt til den enkelte eleven som grunnlag for å vurdera om ein veg skal reknast for å vere særleg farleg eller vanskeleg.
Definisjon på ein farleg veg er at tilstanden kan auka risikoen for ulukker sjølv om normer og reglar blir følgde, og at dette krev at trafikantane gjer noko ekstra for å sikra seg sjølve og andre rundt seg. Særleg farleg eller vanskeleg veg må sjåast i samanheng med dette, og vert definert av ein risiko som overgår normal fare ved å vera i trafikkbiletet.
Det ligg meir informasjon om farleg skuleveg på Kvam herad si heimeside: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/skule/skuleskyss/