Dersom du er nabo til tre eller buskar på kommunal grunn som du synest er til skade eller ulempe for deg, kan du søkja om hogst og rydding på kommunal grunn.
Kommunen vurderer søknaden etter mellom anna følgjande punkt:
- rammer gjeve i lov om rettshøve mellom grannar (nabolova)
- reguleringsplanar, lover, føresegner og andre vedtak
- ulemper av omsyn til sol og ljos, kor høge dei er og kor tett dei står
- eventuell risiko
- om det er semje eller usemje i nabolaget
- estetisk påverknad på området
- klimatiske tilhøve, til dømes endra vindeksponering og erosjon
- art, alder og tilstand på trea, og omsyn til biologisk mangfald på staden
- prioritering av dette kommunale området i opp mot andre område
Heradet avgjer i kvart einskilt tilfelle kva som kan fellast, og det er ikkje lov å starta arbeidet før løyve er gjeve.
Tiltaket vert normalt gjennomført på ein av følgjande måtar:
- Søkjaren feller trea, får veden og ryddar området (normal prosedyre)
- Kommunen feller trea av omsyn til tryggleik. Dette vert vurdert i kvart tilfelle. Søkjaren kappar, ryddar området og får veden.
- Kommunen feller og ryddar. Gjeld til dømes for kommunalt drifta parkar, leikeplassar og balløkkjer.
Det vil gå fram av svarbrev om tiltaket kan gjennomførast, og eventuelt om korleis det skal gjerast.
Eventuell sjølvtekt kan medføra politimelding og krav om erstatning.