Parkeringsløyve for flyttingshemma
Er du bilførar eller passasjer og har særskilte problem med å flytte deg over lange strekningar, kan du søkje om parkeringsløyve for forflyttingshemma.
Det er ikkje nok å vise til ein sjukdomstilstand som begrensar forflyttingsevnen. I tillegg må du grunngje at det ordinære parkeringstilbodet på eitt eller fleire konkrete stadar ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje behovet ditt. Problem med å bæra er i seg sjølv ikkje god nok grunn til å få parkeringsløyve. Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk stønadsordning.
Løyvet blir gjeve i form av eit personlig parkeringskort som gjev deg rett til parkering på merka parkeringsplassar.
• Kortet gjeld i heile Noreg og skal plasserast bak frontruta, med forsida godt synleg.
• Kortet gjeld også i heile Europa, men da etter dei einskilde lands reglar.
• Løyvet blir vanlegvis gjeve for 2-5 år.