Utleige av idrettshallar i Kvam til kommersielle og ikkje kommersielle arrangement.
Kommersielle arrangement
Kommersielle arrangement er til dømes større konsertar, førestillingar, messer eller utstillingar som genererar inntekt av ein viss størrelse for aktørane. Normalt vil dette vera arrangement der tilhøyrarane/deltakarane må løysa billett for å få tilgang, men omfattar ikkje idrettsarrangement, mindre konsertar, basarar og liknande for lokale frivillige og ideelle lag og organisasjonar.
Ikkje kommersielle arrangement
Om eit arrangement har kommersielt preg vil mellom anna vurderast ut frå størrelse på inntekt, om det er ein profesjonell arrangør, kva som er føremålet med arrangementet, og om det er profesjonelle utøvarar. Momenta er ikkje uttømande, og Kvam herad si avgjerd av kva som er kommersielt arrangement vil vera ei heilskapleg vurdering.
Info
Kommersielle arrangement vert fakturert etter satsar i gebyrliste i “Kommunale avgifter, gebyr og prisar”:
Gebyrliste (framsikt.net)
Aktivitet og arrangement som krev ekstra reinhald eller utkalling av vakt vil medføra ein ekstra kostnad. Dette gjeld både kommersielle arrangement og aktivitetar av ikkje-kommersiell art, der ein ikkje har kostnad til sjølve leiga.
Ved leige av kommunale bygg skal bygget forlatast i same stand som når ein kom. Det skal ryddast og fjernast bos, og golv skal vera kosta.
Ved leige av / i idrettshallane, er leigetakarar forplikta til å ta leigetakarkurs.