Søknad om kommunal bustad, Kvam herad
Sjå krav for tildeling av utleigebustad på kvam.kommune.no
Hovudpunkt:
• Søkjaren må vere fylt 18 år, og ha budd i Kvam kommune i 12 mnd. Vi kan gi unntak dersom søkjaren har ei særleg tilknyting til Kvam kommune, og kan vise til eit stort behov for å bu i Kvam.
• Søkjaren og husstandsmedlemmene må ikkje ha inntekt, formue eller anna som gjer søkjar i stand til sjølv å skaffe eigna bustad. Ved behov for spesialtilpassa bustad skal vurdering av inntekt saman med vurdering av funksjon ligge til grunn for tildeling.
• Kommunen kan stille som vilkår at søkjar tar imot hjelpetiltak, som for eksempel butrening, buoppføljing eller liknande. Dersom søkjar har brote tidlegare husleigekontrakter, samarbeidsavtaler eller har gjeld til Kvam kommune, kan Kvam kommune avslå søknad om kommunal bustad.
Dersom krava over er oppfylde, vurderer og vektlegg vi følgande:
• Søkjar må vere utan eigna bustad, eller dokumentere tvingande grunnar til å flytte frå noverande bustad.
• Søkjar har på grunn av helsa eller sosiale forhold behov for endring av noverande busituasjon.
Til vanleg blir ein tildelt bustad med 3-års husleigekontrakt. Når kontraktsperioden nærmar seg slutten, må du søkje på nytt. Viss du framleis oppfyller vilkåra, vil du få fornya kontrakten. Vi ønsker også i denne perioden se på muligheten for å tilby deg Startlån fra Husbanken slik at du kan muligens kjøpe engen bolig.
Du må òg legge ved følgjande dokumentasjon på inntekter og utgifter:
• Dokumentasjon av noverande inntekt:
• Lønns- eller trygdeslipp for dei to siste månadene for alle personar i husstanden
• Dokumentasjon av eventuelle andre inntekter, for eksempel barnebidrag, kontantstøtte, bustøtte, forsikringsutbetalingar, studielån, næringsinntekt
• Dokumentasjon på faste utgifter:
• For eksempel husleige, barnepass/barnebidrag
• Dokumentasjon av gjeld:
• Kopi av låneavtale, og aktuelt terminbeløp
• Utskrift av sjølvmelding eller likning, for alle i husstanden (ikkje likningsattest)
• Dokumentasjon ved eventuell oppseiing av leigeforhold
• Viss du er utanlandsk statsborgar; legg ved kopi av pass og busettingsløyve (brev frå UDI)
• Dokumentasjon på sosiale, helsemessige eller andre forhold som du meiner kan ha betydning for søknaden