Informasjon til deg som søkjer:
- Trygdebustad
- Omsorgsbustad
- Omsorg+ bustad
Trygdebustad
Trygdebustadar i Kvam har livsløpsstandard. Å skaffe seg bustad er i utgangspunktet eit privat ansvar, og kommunal bustad er ikkje ei lovfesta rettigheit. Kommunen kan bistå med kommunale bustader for særskilt vanskelegstilte på bustadmarkedet.
Kven kan få tilbod om trygdebustad?
• Du må vera fylt 18 år og folkeregistrert i Kvam
• Trygdebustad kan tildelast søkjar som er utan fast eller eigna bustad, og som er utan moglegheit til å skaffe seg alternativ bustad sjølv.
• Bustad for deg som er i ein mellombels, vanskelegstilt situasjon grunna helsemessige eller sosiale forhold.
• Dersom du tidlegare har takka nei til tilbod om trygdebustad utan sakleg grunngjeving, og det ikkje er endringar i søkjars situasjon, kan søknad om tildeling av bustad verte avslått. Standard og stad blir ikkje rekna som sakleg grunngjeving, med mindre tungtvegande helsemessige eller sosiale grunnar tilseier noko anna.
• Leggja fram legeattest i dei tilfelle kor helseutfordringar er grunnlaget for søknaden.
• Dersom ikkje søkjar ynskjer å nytta seg av bistandstiltak som vert sett på som naudsynte for å kunne meistra busituasjonen, kan søknaden verta avslått.
• Søkjar må ikkje ha inntekt, formue eller alternative moglegheiter som gjer vedkomande i stand til å skaffa seg eigna bustad. Kravet kan avvika dersom det føreligg særskilt årsak.
Kvam herad har trygdebustader i Øystese og Norheimsund.
Omsorgsbustad
Omsorgsbustadar er tilrettelagte bustadar med livsløpsstandard. Bebuarar i omsorgsbustad kan søkje om praktisk bistand og helsetenester i heimen etter behov.
Kvam herad har omsorgsbustadar i Norheimsund og Øystese og Ålvik.
Kven kan få omsorgsbustad?
• Du har ein type funksjonssvikt og har behov for pleie- og omsorgstenester.
• Du må vera fylt 18 år og folkeregistrert i Kvam.
• Tilrettelegging av noverande bustad vil ikkje gje tilfredsstillande livskvalitet.
• Nokre av omsorgsbustadane er ubemanna, men nært knytt opp til ein omsorgsbase.
• Om du har behov for å ha helsepersonell tilgjengeleg heile døgnet, er omsorg+ bustader eit mogleg alternativ.
• Leige av omsorgsbustad er eit tidsavgrensa tilbod for innbyggjarar som treng spesiell tilpassing grunna alder, rørsle-/utviklingshemming eller ikkje klarar å skaffe eigna bustad sjølv.
• Sjølv om helsetilstanden din er redusert og det er vanskeleg å bu heime, anten fordi det er utrygt, ikkje tilrettelagt eller einsamt å bu i eigen heim, er det ikkje sikkert du treng å flytta til ein omsorgsbustad. Til dømes kan tilskot til å tilpassa eigen bustad, kommunale hjelpemiddel, Nav hjelpemiddel eller kvardagsrehabilitering bidra til at du kan bu lengre heime.
• Dersom du tidlegare har takka nei til tilbod om omsorgsbustad utan sakleg grunngjeving og det ikkje er endringar i søkjars situasjon, kan søknad om tildeling av bustad verta avslått. Standard og stad blir ikkje rekna som sakleg grunngjeving, med mindre tungtvegande helsemessige eller sosiale grunnar tilseier noko anna.
Omsorg+ bustad
Omsorg+ bustad er tilrettelagt omsorgsbustad med livsløpsstandard. I bustaden kan dei som har behov for det få bistand frå helsepersonell heile døgnet. Bebuarar i omsorg+ bustad søkjer om praktisk bistand og helsetenester i heimen etter behov.
Kvam herad har omsorg+ bustader i Øystese, Norheimsund og Strandebarm
Kven kan få tilbod om omsorg+ bustad?
- Søkjar må vera fylt 18 år og ha folkeregistrert adresse i Kvam
- Evna til å bu i eigen heim med bistand frå frå heimebaserte tenester skal vera prøvd ut, samt vurdert som utilstrekkelege for å ivareta søkjar sitt behov.
- Noverande bustad er utforma på ein måte som gjer det vanskeleg for søkjar å bu der og utbetring eller endring av bustad er vurdert til å vere ei urimeleg løsying.
- Søkjar må ha fysisk og/eller psykisk helsesvikt som har behov for tilrettelagt bustad med heildøgns omsorgsteneste
- Omsorg+ bustader ved Mikkjelsflaten og Strandebarm omsorg har nokre bustader som er berekna for to personar. Ta kontakt med tenestekontor i heradet for meir informasjon om desse.
Lover og retningslinjer
Omsorgsbustader/ trygdebustad er ikkje ei teneste som vert tildelt etter helse- og omsorgstenestelova, men omfattar ulike typar bustader som er tilrettelagde for omfattande helse- og omsorgsbehov utanfor institusjon.
• Husleigelova
• Forvaltningslova § 2 bokstav b
• Pasient og brukarrettighetslova § 2-7
Det blir inngått husleigekontrakt og brukar betaler husleige for bustaden. Utgifter til mat, alarm, TV, internett og andre tenester m.m. i bustaden kjem i tillegg til husleige. Det er mogleg å søkje om bustønad frå Husbanken. Informasjon om dette finn du på www.husbanken.no.
I tillegg til husleigekontrakt har heradet utarbeida lokale retningslinjer og kriteria for tildeling av slike bustader. Dette er for å gje personar med behov for tenester og tilrettelegging moglegheit til ein god bustad som er tilrettelagt for omfattande hjelpebehov.
Personar som vert tildelt bustad/ bufellesskap vert rekna som heimebuande, og vil få tildelt tenester i bustaden etter behov og kriteria som følgje av individuell kartlegging og på bakgrunn av lov .
Klage:
Enkeltvedtaket kan klagast på av ein part, eller annan med rettslege klageinteresse i saka. Klaga skal rettast til Tenestekontoret for helse og omsorg. Tenestekontoret vurderer saka på nytt og avgjer om ein opprettheld vedtaket, eller sender klaga vidare til nærmaste overordna forvaltningsorgan jf. Forvaltningslova § 28. Klagefrist er 3 veker.